Fritt om frukt

Norsk frukt frå liene ved fjordane våre, må no vere noko av det beste vi har!

I denne podkasten ser vi litt nærare på fruktdyrkinga, og korleis fruktnæringa taklar dette uføreseielege med skiftande vêr og føre. Og vi ser litt tilbake på to sesongar prega av covid, med særleg tanke på arbeidskrafttilgang. Kva utfordringar har det vore, og korleis har det gått?

Til å fortelje om fruktdyrkinga, har vi fått med oss ein av dei mest erfarne rådgjevarane i NLR Vest, Rune Vereide.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Velkomen til Vestlandsbonden, ein podkast frå Norsk Landbruksrådgiving Vest. Me serverer ulike landbruksfaglege emne, gode råd, samtalar, reportasjar, ja til og med litt HMS.

Som programleiarar vil du møte Helena Elvatun og Kolbjørn Taklo, begge til dagleg rådgjevarar i NLR Vest. 


NLR Vest tilbyr rådgjeving innan jord- og plantekultur, bygningsplanlegging, HMS, økonomi og maskinteknikk. Som medlem får du redusert pris på ulike kurs som me arrangerer, t.d. HMS-kurs, plantevernkurs, og sertifisering i brannsikring ved varme arbeid.

Podkasten er utvikla med støtte frå Fylkesmannen i Vestland og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.