Jakta på det perfekte livdyr og lammeslakt

I denne episoden snakker me sau! Me får gode tips om sluttfôring frå vår kollega Ove Sørestrand og Fagsjef i småfe Nortura, Finn Avdem. Jakta på det perfekte livdyr og lammeslakt. Kva må til får å oppnå slakteklasse E, og korleis velge ut og fôre fram til fine påsettlam?

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Velkomen til Vestlandsbonden, ein podkast frå Norsk Landbruksrådgiving Vest. Me serverer ulike landbruksfaglege emne, gode råd, samtalar, reportasjar, ja til og med litt HMS.

Som programleiarar vil du møte Helena Elvatun og Kolbjørn Taklo, begge til dagleg rådgjevarar i NLR Vest. 


NLR Vest tilbyr rådgjeving innan jord- og plantekultur, bygningsplanlegging, HMS, økonomi og maskinteknikk. Som medlem får du redusert pris på ulike kurs som me arrangerer, t.d. HMS-kurs, plantevernkurs, og sertifisering i brannsikring ved varme arbeid.

Podkasten er utvikla med støtte frå Fylkesmannen i Vestland og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.