Klimasmarte driftsbygningar i landbruket

Korleis redusere klimagassutslepp frå ein driftsbygning, både ved bygging og i levetida til bygget? Får vi ein renessanse for tømmer frå eigen skog? Kva er eigentleg eit klimasmart landbruksbygg?

Tenk langsiktig når du skal bygge, vel løysingar og plassering som reduserer klimagassutslepp, både i bygg og drift, bruk dei gamle bygga dersom du kan. Dette er nokre av råda frå forskar Matthias Koesling ved NIBIO som du kan høyre i vår siste podkast om klimasmarte driftsbygningar i landbruket. I tillegg snakkar vi med byggrådgjevar i NLR Vest Olve Flo Sunde. Han meiner at det kan vere mykje spart både for klima og lommebok å bygge av eigen skog. men at det kan bli meir krevjande for bonden som skal bygge.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Velkomen til Vestlandsbonden, ein podkast frå Norsk Landbruksrådgiving Vest. Me serverer ulike landbruksfaglege emne, gode råd, samtalar, reportasjar, ja til og med litt HMS.

Som programleiarar vil du møte Helena Elvatun og Kolbjørn Taklo, begge til dagleg rådgjevarar i NLR Vest. 


NLR Vest tilbyr rådgjeving innan jord- og plantekultur, bygningsplanlegging, HMS, økonomi og maskinteknikk. Som medlem får du redusert pris på ulike kurs som me arrangerer, t.d. HMS-kurs, plantevernkurs, og sertifisering i brannsikring ved varme arbeid.

Podkasten er utvikla med støtte frå Fylkesmannen i Vestland og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.