Mentorordninga - kunnskap frå bonde til bonde

Mentorordninga i landbruket er eit tiltak for at unge, eller nystarta bønder skal få lære direkte av erfarne bønder. Gjennom møter og samtaler gjennom eit heilt år byr mentor på sine erfaringar, og er ein god sparring og diskusjonspart for den den oppstartande bonden. Ordninga kan nyttast i tradisjonell næring, men og i nyare næringar som «Inn på tunet», eller foredling og sal av varer frå garden.

I denne episoda fortel rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving Vest om det formelle rundt ordninga. I tillegg får vi høyre Torgeir Lavik og hans mentor Eivind Myrdal snakke om sine erfaringar og deler raust ut med gode råd.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Velkomen til Vestlandsbonden, ein podkast frå Norsk Landbruksrådgiving Vest. Me serverer ulike landbruksfaglege emne, gode råd, samtalar, reportasjar, ja til og med litt HMS.

Som programleiarar vil du møte Helena Elvatun og Kolbjørn Taklo, begge til dagleg rådgjevarar i NLR Vest. 


NLR Vest tilbyr rådgjeving innan jord- og plantekultur, bygningsplanlegging, HMS, økonomi og maskinteknikk. Som medlem får du redusert pris på ulike kurs som me arrangerer, t.d. HMS-kurs, plantevernkurs, og sertifisering i brannsikring ved varme arbeid.

Podkasten er utvikla med støtte frå Fylkesmannen i Vestland og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.