På sporet av sporer

Sporar er ein plagsom gjest i mjølka, og kan fort føre til store negative følger for mjølkeprisen. Men kva er sporar ? Er nokre ensileringsmiddel betre mot sporar enn andre ? Og kva med maskiner og teknikk i slåtten ? I denne episoden av Vestlandsbonden, har vi gått litt utradisjonelt til verks i podcastmekkinga. Du vil no få høyre ein fagleg diskusjon om reelle sporeproblem hjå ein bonde på Vestlandet, med fire av våre rådgjevar, Lise Austrheim, Gunnstein Dyrdal, Leif Trygve Berge og Dag-Arne Eide.

Velkomen til Vestlandsbonden, ein podkast produsert av NLR Vest, med prosjektmidlar frå Vestland fylke.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Velkomen til Vestlandsbonden, ein podkast frå Norsk Landbruksrådgiving Vest. Me serverer ulike landbruksfaglege emne, gode råd, samtalar, reportasjar, ja til og med litt HMS.

Som programleiarar vil du møte Helena Elvatun og Kolbjørn Taklo, begge til dagleg rådgjevarar i NLR Vest. 


NLR Vest tilbyr rådgjeving innan jord- og plantekultur, bygningsplanlegging, HMS, økonomi og maskinteknikk. Som medlem får du redusert pris på ulike kurs som me arrangerer, t.d. HMS-kurs, plantevernkurs, og sertifisering i brannsikring ved varme arbeid.

Podkasten er utvikla med støtte frå Fylkesmannen i Vestland og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.