Ulukker i landbruket, flaks og uflaks?

Det kan så lett gå bra! Eller er det eigentleg så lett? Bonde Anders Hopland mista tommelen i eit arbeidsuhell. I denne episoda fortel han om fleire års tapt arbeidsevne og varige mein, og han gir sine vurderingar av kva som skjedde. Vi har også snakka med Arthur Salte i Norges Bondelag om kva som må til for å få færre ulukker i landbruket. Handlar det om flaks og uflaks, er det berre bonden sitt ansvar, eller er der faktorar som vi kan påverke og gjere noko med?

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Om Podcasten

Velkomen til Vestlandsbonden, ein podkast frå Norsk Landbruksrådgiving Vest. Me serverer ulike landbruksfaglege emne, gode råd, samtalar, reportasjar, ja til og med litt HMS.

Som programleiarar vil du møte Helena Elvatun og Kolbjørn Taklo, begge til dagleg rådgjevarar i NLR Vest. 


NLR Vest tilbyr rådgjeving innan jord- og plantekultur, bygningsplanlegging, HMS, økonomi og maskinteknikk. Som medlem får du redusert pris på ulike kurs som me arrangerer, t.d. HMS-kurs, plantevernkurs, og sertifisering i brannsikring ved varme arbeid.

Podkasten er utvikla med støtte frå Fylkesmannen i Vestland og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.