Adaptasjonar - meir enn frå bok til film

I denne episoden ser me nærare på fenomenet adaptasjon. Ordet adapsjon eller adaptasjon kjem frå det latinske ordet adaptatio, som betyr "god tilpassing". På wikipedia kan me lese at "Adaptasjon innan litteratur er ei tilpassing eller ny produksjon av eit litterært verk som eksempelvis ein roman, novelle eller dikt til ein ny sjanger eller til eit nytt medium som film, teater, tegneserie eller videospill. Ein adaptasjon kan haldast innan same sjanger eller medium og endrast i volum som ved tilpassing av eit stykke til eit mindre teater, eller som ved omskriving til ei alternativ demografisk gruppe (eksempelvis ved ei utgåve tilpassa barn)" Du kan mellom anna høyre om kva tankar me gjer oss om nokre nye og gamle adaptasjonar frå bok til film eller tv-serie. Me er innom ulike sjangrar og forfattarar, i frå J.R.R.Tolkien, til Astrid Lindgren og J.K.Rowling.  Medvirkande i episoden er Lene, Kirsten, Elli og Ritha

Om Podcasten

Ein podcast frå Voss bibliotek Ofte ein lett drøs om bøker og det me elles har i samlingane i biblioteket. Nokre episodar har me gjestar andre gongar er det me som jobbar i biblioteket som drøsar. Jingle: Christian Wallevik