Lesetips til ferien

I dagens episode av podkasten tipsar Ritha om nokon av dei flotte novellesamlingene me har her på biblioteket, og Elli og Lene drøser om kva bøker dei har tenkt å lesa i sommar. Me ynskjer alle ein god sommar full av gode lesaropplevingar! Bøker denne episoden: Endelig sommer, Vennskapets pris av Kjell Askildsen, Historien om Fru Berg av Ingvild H. Rishøi, Menn som ingen treng og Vente på fuglen av Frode Grytten, Noveller i utvalg av Tove Ditlevsen, No fær huset av Laura Djupvik, Et lite liv av Hanya Yanagihara, Extra Virgin av Annie Hawes, Hesteguttene av John Evo, Evelyn Hugos syv ektemenn av Taylor Jenkins Reid, Sommerboken av Tove Jansson, Tiggerne av Kristin Hauge, Det ender med oss av Colleen Hoover.

Om Podcasten

Ein podcast frå Voss bibliotek Ofte ein lett drøs om bøker og det me elles har i samlingane i biblioteket. Nokre episodar har me gjestar andre gongar er det me som jobbar i biblioteket som drøsar. Jingle: Christian Wallevik