ei kunstfortelling

En podcast av: Renate Rivedal
PODKASTEN EI KUNSTFORTELLING ER LIKE RUNDT HJØRNET Fortellinga om Frida Kahlo innehar alle ingrediensar: stor kunst og stor dramatikk, politikk og revolusjon - og sjølvsagt også kjærlighet – både den lykkelege, men kanskje aller mest av det ulykkelege slaget. Frida var i si tid kjend som fru Rivera – i dag er ho langt meir kjend enn sin ektemann, kunstnaren og levemannen Diego Rivera
PODKASTEN EI KUNSTFORTELLING ER LIKE RUNDT HJØRNET Fortellinga om Frida Kahlo innehar alle ingrediensar: stor kunst og stor dramatikk, politikk og revolusjon - og sjølvsagt også kjærlighet – både den lykkelege, men kanskje aller mest av det ulykkelege slaget. Frida var i si tid kjend som fru Rivera – i dag er ho langt meir kjend enn sin ektemann, kunstnaren og levemannen Diego Rivera. Ho er så kjend i dag at personen og livet ho levde av og til overskugga kunsten hennar. Frida brukte seg sjølv i kunsten sin -  omtrent ein tredel av kunstnarskapen hennar er reine sjølvportrett, dei aller fleste maleria var ein kommentar til livet ho levde, og i tillegg finnes det 100-vis av fotografi av ho, tatt av fotograf-kunstnarar som Manuel og Lola Alvarez Bravo, Nickolas Muray og Martin Munkacsi – som gjorde ho til eit ikon allereie i si eiga levetid. Og i dag er ansiktet hennar på tekoppar og kaffikrus, på murveggar og t-skjorter – som kunstnar og som feminist-ikon. Eit samansurium og ein collage av fotografi, kunstverk, og i scenesettelse av Kahlo sjølv.  I denne sesongen av «Ei kunstfortelling» skal eg gje deg fortellinga om livet til kunstnaren Frida Kahlo, og ikkje minst skal vi høyre om, oppleve og tolke kunsten hennar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.