E2: Oppbrot

I episode 1 såg me på den historiske bakgrunnen for utvandringa – kva som dreiv folk til å reisa, og korleis verda såg ut for dei som tok det store steget.No går me tettare på sjølve oppbrotet. Å forlata Noreg på 1800-talet var ikkje berre ein fysisk overgang, men også eit emosjonelt og sosialt brot. For dei fleste var heimplassen eit livsvarig anker, og å riva seg laus frå ætt, jord og tryggleik var dramatisk. Likevel valde mange kvinner å bryte opp – i håp om fridom, nye moglegheiter, og ein sjanse til å forma si eiga framtid.I denne episoden vert me kjend med nokre av dei som tok denne avgjerda. Me møter me mellom anna Martha Georgina Larsen, som reiste frå Ryfylke i 1825, og Linka Preus, som skreiv tankevekkjande refleksjonar om kvinna si rolle i samfunnet. Me høyrer også Lina Svåi  si gripande skildring av den siste dagen heima før ho reiste mot Amerika.Gjennom brev, dagbøker og historiske kjelder nærmar oss tankane og kjenslene til dei som stod på kaiane i Stavanger og Bergen, klare til å ta farvel med alt dei kjende. Kva ofra dei? Kva håpa dei å finna?Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun HorveiMedredaktør: Katherine Jane HansonForteljar: Reidun Horvei og Ragnhild GudbrandsenLydformgjeving: Inger-Kristine RiberStøtta av: Fritt OrdKjeldeinformasjon her

Om Podcasten

Vågespel - ein podkastserie om dei norske kvinnene som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom 10 episodar fylgjer lyttaren reisa gjennom brev, dagbøker og forteljingar – møte med kvinner som reiv seg opp med rota for å finne noko betre - eller for å sleppe fri? Med dramatiserte opplesingar, historiske refleksjonar og levande lydlandskap vert historiane deira formidla i denne podkasten av Reidun Horvei, Ragnhild Gudbrandsen, Inger-Kristine Riber og Katherine Jane Hanson. Støtta av Fritt Ord.