Vågespel
Vågespel - ein podkastserie om dei norske kvinnene som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom 10 episodar fylgjer lyttaren reisa gjennom brev, dagbøker og forteljingar – møte med kvinner som reiv seg opp med rota for å finne noko betre - eller for å sleppe fri? Med dramatiserte opplesingar, historiske refleksjonar og levande lydlandskap vert historiane deira formidla i denne podkasten av Reidun Horvei, Ragnhild Gudbrandsen, Inger-Kristine Riber og Katherine Jane Hanson